Selde brosme etter slottsmiddagen

Snorre Seafood i Vågsøy håpar på auka sal av brosme, etter at kongen serverte fisken under slottsmiddagen.

Dagen etter slottsmiddagen fekk Snorre Seafood tinging på brosmefilet frå ein storkunde på Austlandet, som til no aldri har synt interesse for brosme.

– Han har aldri før kjøpt brosme sjølv om eg har spurd han mange gonger. No kjøpte han 50-60 kilo med filet, og eg håper han klarer å selje inn denne fisken i området sitt, seier Kristin Blaalid i Snorre Seafood til NRK.

Ho spurde kunden om tinginga hadde samanheng med middagen kvelden før, og det kunne han stadfeste.

– Eg trur at folk tenkjer at dette må vere ein fantastisk fisk når Slottet vel å bruke den, seier Blaalid til NRK.

– Det er så flott at slottet valde å bruke ein slik fisk, i staden for kveite og laks som skal vere så eksklusivt, seier Blaalid.

No håpar ho at salet losnar for brosma.