Regjeringa la i dag fram ei melding for Stortinget om norsk sjøpattedyrpolitikk. Meldinga er ei oppfølging av dei vedtaka Stortinget gjorde då den førre sjøpattedyrmeldinga vart drøfta i 2004.
Meldinga fortel kva som er gjort med dei tiltaka som vart varsla i 2004, og inneheld ein gjennomgang av dei internasjonale rammevilkåra for sjøpattedyrforvaltninga, skriver Fiskeri- og kystdepartementet i en pressemelding.
– Norsk sjøpattdyrpolitikk ligg fast. Fangst av sjøpattedyr er tradisjonsrike næringar i norske havområde, og Noreg har rett til å hauste av dei levande marine ressursane, medrekna sjøpattedyra, innanfor dei store og rike havområda våre, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.
– Denne retten er tufta på Havrettstraktaten, og blir utøvd med omsyn til berekraft basert på den best moglege tilgjengelege vitskaplege kunnskapen. Forvaltninga av sjøpattedyr er ein del av ei heilskapleg økosystembasert forvalting. Sjøpattedyra er komponentar i økosystema som det kan haustast frå, seier Helga Pedersen.