Argos Frøyanes berga fiskebåt i Sørishavet

Argos Frøyanes, tidlegare Frøyanes, har berga ein sørkoreansk fiskebåt, som stod i brann ved Sør-Georgia i Sørishavet.

Argos Frøyanes deltek framleis i bergingsarbeidet, etter at det braut ut brann tysdag ettermiddag. Fartøyet som er eigd av Ervik Havfiske, har sidan byrjinga av mai fiska etter tannfisk utanfor Sør-Georgia.

– Vi har fartøyet under slep, og ligg ikkje så langt frå den gamle norske kvalfangststasjonen i Grytvika, fortel skipper Leif-Petter Hoddevik til Sunnmørsposten.

Av eit mannskap på 43 på den sørkoreanske fiskebåten "In Sung 22", er 40 sett i land i King Edward Point, medan 3 offiserar framleis er ombord på Argos Frøyanes.