Sildebordet samla 6000

Del saken

Fredag kveld deltok 6000 personar ved verdas lengste sildebord i Florø. Det tradisjonsrike Sildebordet vart opna av fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

Folk kunne forsyne seg med gratis silderettar i mange variantar. I følgje arrangementsansvarleg Arild Melvær, gjekk det med til saman to og eit halvt tonn sild.

Det var eit kjempeflott arrangement, seier Melvær til NRK.