Regulering av fisket etter brugde, pigghå og håbrann

Del saken

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om forbod mot fiske og fangst av brugde, pigghå og håbrann i 2010.

På grunn av svake bestandar tilrår Det internasjonale råd for havforsking (ICES) at det ikkje skal førekomme direktefiske av brugde, håbrann og pigghå, melder Fiskeri- og kystdepartementet.

Fiskeri- og kystdepartementet har difor vidareført det generelle forbodet mot fangst av brugde, og forbodet mot direktefiske av håbrann og pigghå.

Fartøy under 15 meter som fiskar med konvensjonelle reiskapar kan likevel halde fram med fisket etter pigghå inntil vidare.

I løpet av 2010 vil departementet etablere system for eit lisensiert overvakingsfiske etter pigghå og håbrann, som skal sikre at haustingsuttaket her er innafor berekraftige rammer, og som samstundes skal bidra til å halde kontroll med bestandssituasjonen.

Les meir:
Forskrift om forbud mot fiske og fangst av brugde, pigghå og håbrann i 2010