Regulering av fisket etter makrell

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering for kystfartøygruppa sitt fiske etter makrell i 2009. Årets makrellkvote for kystfartøygruppa er 35 558 tonn.

Dei siste åra har reguleringane i kystfartøygruppa utvikla seg til å bli svært samansette, og stadige endringar har skapt uro for næringa.

Departementet vil som ei førebuing til reguleringa for neste år sende på høyring ei sak om makrellreguleringa for kystfartøygruppa, med sikte på at eit enklare og meir stabilt opplegg kan vere på plass til 2010, skriv Fiskeri- og kystdepartementet i ei pressemelding.