Havbeiteområde opna for fiske

Del saken

Bremanger: Havområda som Grotle Havbeite tidlegare hadde konsesjon på, er no opna for ålmenta og alle som vil fiske etter dei ordinære reguleringane.

Les også: Slutt for havbeite i Bremanger 24.06.2009

- Det ligg ikkje nokon klausular i vedtaket frå Fiskeridirektoratet og dermed gjeld same reglane i det som tidlegare var konsesjonsområdet til Grotle Havbeite som andre område, seier regiondirektør Hans Haddal i Fiskeridirektoratet Region Vest til Fjordenes Tidende.

Men Haddal minner om at hummaren er freda fram til 1. oktober og seier at Fiskeridirektoratet vil fylgje nøye med på kva aktivitet som vert i dette området som no er opna for fiske.