Maskinpersonell tek etterutdanning

Del saken

Eit stort prosjekt med etterutdanning av maskinpersonell i havfiskeflåten er no i gang. I alt har 114 maskinassistentar meldt seg til kursa.

Fleire er i gang med etterutdanninga, men opplæringa kjem til å vare resten av 2009 og store delar av 2010.

Samarbeid

- Prosjektet kom i gang etter samtalar mellom Sjøfartsdirektoratet og Fiskebåtredernes Forbund våren 2008. Sjøfartsdirektoratet fortener ros for ei konstruktiv tilnærming til behovet for etterutdanning på maskinsida, der dei har lagt stor vekt på realkompetansen hos dei noverande maskinassistentane.

Også Det norske Maskinistforbund har deltatt og deltar i prosessen, seier avdelingsleiar Paul-Gustav Remøy i Fiskebåtredernes Forbund.

Remøy legg til at Norges Fiskarlag og Sør-Norges Trålerlag har hjelpt til med registrering av kandidatar, medan resten av det praktiske arbeidet er gjennomført i eit samarbeid mellom Sjøfartsdirektoratet, Fiskebåt og aktuelle opplæringskontor innan fiskeri. skriv Fiskebåtredernes Forbund i ei melding på forbundet si heimeside.

Fagprøve

Etter gjennomført opplæring må kandidatane gjennomføre fagprøve som motormann, ekstra tryggleikskurs og avsluttande prøve i maskinfag.

Dei som klarer prøvene får då løyve til å operere som nummer 2 i maskinen på det fartyet dei har vore tilsette på, for ein periode på 5 år.

Dei som er over 45 år kan få fornya løyvet for 5 år i gongen vidare, så sant helseattetstane er i orden. Dei som er under 45 år må innan 5 år ha starta på utdanning til maskinist for å kunne halde fram i stillingane.