Det er for tida svært godt fiske av hyse i Barentshavet, både aust i russisk økonomisk sone og ved Spitsbergen.
Det er også store mengder torsk å få, men dei fleste går først og fremst etter hyse, skriv Fiskebåtredernes Forbund på si heimeside. Fiskebåt har på bakgrunn av situasjonen bede om ei refordeling av hysekvotane innanfor totalkvoten.
Prestfjord er eit av tre norske havfiskefarty i russisk økonomisk sone, og om bord i Prestfjord fortel dei om eit svært godt hysefiske.
Det er berre kapasiteten i fabrikken som avgrensar fisket, skriv fiskebat.no, som vidare har fått opplyst at det no vert produsert 100-130 tonn per veke om bord i Prestfjord og dei andre båtane.
Ved Spitsbergen, der det ligg fleire norske båtar, er situasjonen den same, skriv fiskebat.no.