Olje og energidepartementet i samarbeid med Oljedirektoratet, lanserte i 30. juni eit faktahefte om norsk petroleumsverksemd for 2010 - Fakta 2010.
Publikasjonen inneheld ei grundig framstilling av petroleumsverksemda på den norske kontinentalsokkelen, skriv Olje- og energidepartementet i ei pressemelding.
Tema i faktaheftet 2010 omfattar mellom anna: Den statlege organiseringa av petroleumsverksemda, petroleumsinntektene til staten, leiteverksemda, utbygging og drift, opprydding etter avslutta produksjon og systemet for gassforvalting.
Faktaheftet inneheld også ei oversikt over miljøomsyn i petroleumsverksemda, dei norske petroleumsressursane og omtale av felt og funn på norsk sokkel.
– Må sjå mot neste bakketopp
Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen, skriv mellom anna fylgjande i forordet til faktaheftet:
«Når vi no har passert eit nytt tiår er det med ei kjensle av å gå inn i ein ny tidsalder og ei ny energirøynd. Samtidig er det freistande å sjå seg litt tilbake når ein passerer slike milepælar, og summere opp det som har vore.
Petroleumsverksemda og inntektene derifrå har gjennom nesten 40 år medverka til vekst, sysselsetjing, utvikling av teknologi og velferdstilbod i eit tempo og eit omfang som elles ikkje ville vore mogleg. Det skal vi vere stolte over og takksame for.
Endå viktigare er det å sjå mot neste bakketopp når vi no er inne i 2010 – for også i framtida vil utviklinga i petroleumsverksemda vere heilt vesentleg for utviklinga av det norske samfunnet. Dei neste 40 åra vil bli minst like krevjande – og like avgjerande – som dei vi no har lagt bak oss».