Har modernisert skipsleia i Solund

Del saken

Kystverket har sett opp nye merker og lanterner for mellom 9 og 10 millionar kroner i snøggbåtleia i Solund.

Det som er montert av navigasjonshjelpemiddel er det nyaste, lettaste, mest handterlege og rimelege innan sjømerking, skriv Kystverket i ei pressemelding. 

Den 14. oktober var det markering av at alt er klart til bruk. Dei som får glede av dette er snøggbåtar, ferjer, ambulansebåt, fraktefarty og fritidsflåten.

40 nye merker og lanterner er på plass i Solund i Sogn og Fjordane, dei fleste av desse i leia ved Kolgrov, Notøy, Indrevær, Husøy og Utvær. I tillegg nokre få i Askvoll.

Det banebrytande med mange av desse merka er at dei er laga i kompositt som gjer dei lette. Dette gjev store gevinstar ved montering. Dei er langt billegare enn tilsvarande av metall, samstundes som dei er meir miljøvenlege.

Også når det gjeld vedlikehald er det store forventningar i Kystverket om at den nye typen navigasjonsmerker vil føre til betydelege innsparingar. Merkestengene har ledlys, og fleire vert drivne av solcellepanel. Merkestengene som no blir sett ut er også meir fleksible. Det er gjort for at skadane på båtar skal bli minst mogleg dersom dei går på ei merkestang.

Det var statssekretær Vidar Ulriksen frå Fiskeri- og kystdepartementet som fekk æra av å markere at utbetringsarbeidet og moderniseringa av den vêrutsette skipsleia i Solund er ferdig.