Avtale mellom Noreg og Grønland

Noreg og Grønland vart onsdag 8. desember einige om ein kvoteavtale for 2011.

Avtalen inneber at kvotenivået frå i år blir vidareført. Grønland og Noreg er også einige om å utvide forskingssamarbeidet, med særleg vekt på uer.

Grønlands torskekvote i Barentshavet er vidareført med 2150 tonn, hysekvoten med 630 tonn og seikvoten med 1000 tonn. I tillegg kan Grønland fiske inntil 260 tonn bifangst av andre artar.

Dei norske kvotane i Grønlands økonomiske sone er vidareført for 2011. Blåkveitekvoten på Vest-Grønland er vidareført med 900 tonn. På Aust-Grønland er blåkveitekvoten vidareført med 275 tonn og kveitekvoten med 235 tonn. Torskekvoten er vidareført med 750 tonn, uerkvoten som blir fiska med botntrål/line, blir vidareført med 400 tonn, og den pelagiske uerkvoten med 300 tonn. I tillegg kan norske fartøy fiske 150 tonn bifangst av andre artar. Vilkåra for å utøve torskefisket er blitt betre.

Partane er einige om å setje i verk eit samarbeid om å etablere elektronisk fangstdagbok med intensjon om gjensidig rapportering i kvarandre sine soner i løpet av 2011.