Regulering for breiflabb og kveite

Del saken

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter breiflabb og kveite i 2011.

Gjeldande regelverk for både breiflabb- og kveitefisket vert vidareførte, melder Fiskeri- og kystdepartementet.

Det er forbode å fiske med garn etter breiflabb nord for 64˚N i perioden frå og med 20. desember til og med 20. mai. I området mellom 62 og 64˚N gjeld forbodet frå og med 1. mars til og med 20. mai. Det også forbode å fiske etter kveite med annan reiskap enn krok nord for 62˚N i perioden frå og med 20. desember til og med 31. mars.

Reglane i utøvingsforskrifta om maskestørrelse i breiflabbgarn, og om maskestørrelse og trådtype i kveitegarn, vert vidareførte. Tilsvarande vert kravet om at breiflabbgarn skal røktast minst kvar tredje dag vidareført.

Det er forbode å drive direktefiske etter breiflabb med konsumtrål og snurrevad. Maksimal bifangst av breiflabb tillete i fiske etter andre artar med konsumtrål og snurrevad er 20 prosent. For fiske med reketrål er det tillete å ha maksimalt 10 prosent bifangst av breiflabb, og ved fiske med annan småmaska trål kan fartøyet ha inntil 0,5 prosent innblanding av breiflabb (i vekt i dei enkelte fangstar og ved landing) – avgrensa til maksimalt 500 kg per tur.

For breiflabb er det behov for ei betre oversikt over bestandsstruktur og haustingsmønster. Bestanden ser mellom anna ut til å ha fått ei meir nordleg utbreiing dei siste åra. Departementet vil derfor i 2011 innhente ei oversikt over kunnskapsstatus for breiflabb, og vurdere om det er behov for å styrkje kunnskapsgrunnlaget. Dette arbeidet vil gi eit betre grunnlag for å vurdere ulike reguleringstiltak, mellom anna om gjeldande reglar om bifangst av breiflabb bør endrast.

Les også: Regulering av fisket etter breiflabb og kveite i 2010 18.12.2009