Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett ny forskrift for kystfartøygruppa sitt fiske etter makrell i 2011.
På bakgrunn av reaksjonar frå næringa på reguleringsopplegget som vart fastsett ved nyttår, vart saka sendt på ny høyring etter eit møte mellom departementet og fiskarorganisasjonane. Den nye reguleringa er i hovudsak i tråd med reguleringsopplegget i 2010, opplyser Fiskeri- og kystdepartementet i ei pressemelding.
Med det nye reguleringsopplegget kan fartøy under 13 meter heimelslengd og 15 meter største lengd, med løyve til å fiske etter makrell med garn eller snøre, også fiske garn-/snørekvoten med not. Totalkvoten i kystfartøygruppa vert 37 370 tonn i 2011.
Les også: 182.827 tonn makrell i 2011 20.12.2010