Kystverket fører statistikk over risikolast

Del saken

Kystverket har frå Forsvaret overteke ansvaret for å utarbeide risikolaststatistikk i nord.

Heilt sidan Vardø trafikksentral vart opna i 2007, har Forsvaret hatt ansvaret for å utarbeide statistikken over transport av farleg og forureinande last i nord. I mai overtok sjøtrafikksentralen dette ansvaret. Vardø trafikksentral har medverka med delar av den informasjonen Forsvaret har nytta i statistikken.

– Vi har no kome så langt i utviklinga av våre eigne system og registreringar at tida er inne for også å overta ansvaret for denne risikolaststatistikken, seier Ståle Sveinungsen, sjef ved Vardø trafikksentral, i ei pressemelding. 

Han understrekar at sjøtrafikksentralen, både i denne og andre saker, har eit særs godt samarbeid med Forsvaret. Det formelle ansvaret vart overført til Vardø trafikksentral i byrjinga av mai, med verknad frå 1. januar i år.

– I perioden frå nyttår og fram til den første statistikken blei lagt ut, har vi arbeidd tett opp mot Forsvaret og andre aktørar for å skape eit best mogleg produkt, seier Sveinungsen, og peikar på nokre små justeringar som er gjort samanlikna med tidlegare statistikk.

Den største endringa er at utskipinga av gass frå Melkøya er skilt ut på eigne ark i statistikken, medan den tidlegare var integrert i den andre informasjonen. Det er også gjort ei litt anna inndeling av type last, sjølv om ein framleis held seg til kva kvart einskild farty rapporterer inn.

– Etter kvart som vi skaffar oss erfaring og ikkje minst får respons frå brukarane, kan nok statistikken bli ytterlegare justert for at nytteverdien skal bli som god som mogleg, seier Sveinungsen. 

Statistikken finn ein her:
•  Risikolaststatistikk langs kysten i nord