Fisketuristane slepp torsken ut igjen

Del saken

Ferske tal frå Havforskingsinstituttet syner at turistane som fiskar i Noreg slepp ut att ein stor del av fangsten.

Om ein slik praksis med «fang og slepp» er gunstig eller ikkje er avhengig av kor stor del av fisken som faktisk overlever turen opp av og attende til sjøen, skriv Havforskingsinstituttet (HI) i ei pressemelding.

– Vi har ikkje tal som viser overlevingsraten blant fisken som vert sett ut att i sjøen. Det vil variere frå art til art, og elles vere avhengig av faktorar som temperatur, djup og eventuelle skadar fisken har fått, seier Keno Ferter.

Han står bak eit mastergradsarbeid om «fang og slepp» (catch and release) blant fisketuristar. Lenkje til rapport finn ein nederst i denne artikkelen.
 
- Slepp ut ein million torsk
 
I fleire år verserte det ulike og langt på veg ufunderte oppfatningar om kor mykje fisk fisketuristane tek opp frå kyststroka våre. Etter ei grundig kartlegging kunne Havforskingsinstituttet i 2010 leggje fram tal som synte at det årleg vert teke i land 3335 tonn i turisfisket (i bedriftssektoren).
 
Turistfiskeprosjektet vart vidareført med mastergradsarbeidet til Keno Ferter, som studerte ved Universitetet i Bergen. Han har kartlagt kor utbreidd praksisen med «fang og slepp» er blant fisketuristane.

Undersøkingane hans viser at det er sannsynleg at så mykje som 60 prosent av sei, torsk, og hyse fanga av  fisketuristane i Nord Noreg vert sleppt ut igjen. Ser ein på bedriftssektoren i Nord Noreg  åleine kan fisketuristane ha sett ut att så mange som ein million torskar (tal frå 2009). «Fang og slepp» er utbreidd også elles langs kysten, opplyser HI.
 
Etiske sider ved «fang og slepp»
 
Fisketuristane set først og fremst fisken ut att fordi han er for liten. Det treng ikkje bety at fisken er under minstemål. Ein del fisketuristar slepp også ut igjen fisk av di dei alt har fiska opp kvoten på 15 kilo. Studien til Keno Ferter viser at fisketuristane reknar «fang og slepp» som miljøvenleg.
 
– Utslepp av fisk har likevel ein del etiske sider. Den einskilde fisken kan ha smerte og skade frå fiskekroken og opphaldet på land. Fisken kan døy direkte av skadane eller indirekte av di den får vanskar med å ta til seg mat og vert eit lett bytte for andre rovdyr, seier Keno Ferter.
 
- Viktig å vite overlevingsraten
 
Det er ikkje gjort studiar som syner kor stor del av «fang og slepp»-fisken som overlever. Dersom ein stor del døyr, vil det påverka det totale uttaket til fisketuristane. Er overlevinga høg, vil omfanget av «fang og slepp» ha mindre å seia for totalfangsten.
 
– Uansett er det viktig for forskarane å vite både omfanget av «catch and release» og overlevingsraten hos fisken når dei skal gjere bestandsberekningar for dei ulike artane. Landingane åleine gjev ikkje eit ekstakt bilete av kor mykje fisk som døyr som følgje av turistfiske. At ein såpass stor del av fangsten til turistane aldri kjem i land, bør også takast med i betraktning når reguleringane for fisketurismen vert bestemte, seier Keno Ferter.

Les meir
•  Marine Angling Tourism in Norway: The Interactions between Behavior, Management and Catch (pdf)