Noreg og Grønland einige om kvoteavtale for 2012

Noreg og Grønland vart under forhandlingar i København den 19.-20. desember einige om kvoteavtale for 2012.

Noreg fekk auka den pelagiske kvoten for uer betrakteleg, og i tillegg vart partane einige om å utvide forskingssamarbeidet med særleg vekt på uer, blåkveite og torsk.

Som følgje av forhandlingane er dei norske kvotane for fisk i Grønland si økonomiske sone for 2012, noko endra frå fjorårets avtale. Den pelagiske kvoten for uer er auka frå 300 tonn til heile 1500 tonn, medan kvoten for uer som blir fiska med botntrål/line, er vidareført med 400 tonn. På Aust-Grønland er kvoten for blåkveite vidareført, medan kvoten for kveite er redusert til 160 tonn. Kvoten for blåkveite på Vest-Grønland er vidareført med 900 tonn. Kvoten for torsk er vidareført med 750 tonn. I tillegg kan norske fartøy fiske 150 tonn attåtfangst av andre artar.

Grønland sin torskekvote i Barentshavet er auka med heile 1050 tonn til 3200 tonn. For hyse vart kvoten auka til 1050 tonn, medan seikvoten på 1000 tonn er vidareført. I tillegg kan Grønland fiske inntil 260 tonn attåtfangst av andre artar.

Partane er óg einige om å fullføre det påbegynte arbeidet med å etablere gjensidig elektronisk rapportering i kvarandre sine soner i løpet av 2012.