Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter torsk i Nordsjøen og Skagerrak i 2013.
Den norske totalkvoten er førebels sett til 2330 tonn i Nordsjøen og 69 tonn i Skagerrak.
Ettersom forhandlingane med EU om ein bilateral kvoteavtale ikkje er avslutta, har Fiskeri- og kystdepartementet fastsett ei førebels forskrift. Endeleg forskrift blir fastsett når ein avtale med EU er klar, melder Fiskeri- og kystdepartementet.
Som tidlegare, er det berre fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar som kan drive direktefiske etter torsk. Alt trålfiske vert framleis regulert med reglar om attåtfangst.
Det er fastsett maksimalkvotar for torskefisket med konvensjonelle reiskapar i Nordsjøen i 2012. Fartøy som har løyve til å delta i lukka gruppe og som er under 15 meter kan fiske inntil 50 tonn, fartøy mellom 15 og 21 meter kan fiske inntil 100 tonn og fartøy over 21 meter kan fiske inntil 200 tonn. Differensierte garanterte kvotar vert sett til høvesvis 5, 10 og 20 tonn.
I open gruppe kan fartøy under 10 meter fiske inntil 5 tonn, fartøy mellom 10 og 21 meter kan fiske inntil 10 tonn og fartøy over 21 meter kan fiske inntil 15 tonn. Garanterte kvotar vert sett til 4 tonn for alle gruppene.