Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av mellom anna fisket etter torsk og hyse nord for 62°N i 2013.
– Hovudbildet er at vi har store moglegheiter. Med den største torskekvoten gjennom tidene er det viktig at næringa legg enda større vekt på kvalitet, utjamning av sesongen og marknadsarbeid i året som kjem, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.
– Fiskarane har tradisjon for å ta opp veldig mykje torsk i løpet av nokre få hektiske veker midt på vinteren. Det viktigaste i reguleringa i år er derfor at vi tar utfordringane i fiskeindustrien på alvor, og gjennomfører fleire tiltak som jamnar ut sesongvariasjonane i torskefisket, seier fiskeri- og kystminister Berg-Hansen i ei pressemelding.
Etter at kvotar til forsking, rekreasjonsfiske med vidare er trekte frå dei nasjonale kvotane, kan norske fartøy fiske 461 740 tonn torsk og 95 854 tonn hyse i 2013.
Allereie frå starten av året er 15 000 tonn torsk av unytta tredjelandskvote gitt som ein direkte kvoteauke til norske fiskarar. Tilbakeføringa kan bli større i løpet av året dersom vidare avtalar om kvotebyte ikkje fører fram.
Vidarefører garantiordning
– Den økonomiske situasjonen i sentrale sjømatmarknader som Portugal, Spania og Italia er framleis krevjande. For å vere best mogleg førebudd vidarefører regjeringa garantiordninga for førstehandsomsetninga av fisk mellom Innovasjon Noreg og Norges Råfisklag ut 2013. Formålet er å legge eit betre grunnlag for å unngå at mottaket av fisk stoppar opp slik at fiskarane kan få levert fangsten sin i vintersesongen, seier fiskeri- og kystministeren.