Bilateral avtale mellom Noreg og Færøyane

Del saken

Hyse (melanogrammus aeglefinus). Foto: Norwegian Seafood Council 
Illustrasjonsbilde: Hyse (melanogrammus aeglefinus). Foto: Norwegian Seafood Council 

Fiskeriminister Elisabeth Aspaker helsar ny bilateral avtale mellom Noreg og Færøyane velkomen.

- Eg er glad for at Noreg og Færøyane har teke opp att det tradisjonelle fiskerisamarbeidet, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Noreg og Færøyane vart i dag einige om ein bilateral avtale om fiskerisamarbeid og kvotebyte. Dette er den første bilaterale avtalen sidan 2010. Det vart ikkje semje om nokon bilateral avtale i åra 2011-2013 på grunn av makrellkonflikten.

Norske fiskarar får ein kvote på 1250 tonn lange/blålange, 1025 brosme og 737 tonn andre artar. I tillegg kan norske fartøy fiske opp til 80 000 tonn av den norske kolmulekvoten for 2014 i færøyske farvatn.

Færøyane får ein kvote på 2000 tonn torsk, 400 tonn hyse, 300 tonn sei og 100 tonn andre artar i norsk økonomisk sone.  I tillegg kan Færøyane i norske farvatn fiske opp til 10 000 tonn torsk og ein del hyse og andre artar, som dei har fått gjennom byteavtalen sin med Russland.

Les meir
Avtale mellom Noreg og Færøyane 2014 (pdf)