Fiskeriministeren til Austevoll

Fiskeriminister Harald T. Nesvik. Arkivfoto: Øyvinn Myge

Fiskeriminister Harald T. Nesvik besøker Austevoll 27. august. Der skal han delta på eit møte om regjeringas stortingsmelding «Et kvotesystem for økt verdiskaping», og døype LiceTube.

Nye fiskeriløyve, vidareføring av strukturkvoteordninga og ein ny marknadsplass for utveksling av kvotar er blant tiltaka i den nye kvotemeldinga.

– Tiltaka vi foreslår i kvotemeldinga, vil gjere systemet mindre krevjande for næringa og forvaltninga. I tillegg vil det bli meir fleksibelt, meir transparent og lettare å forstå, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik i ei pressemelding.

– Målet er framleis berekraftig forvaltning, auka verdiskaping i fiskerinæringa, betre utnytting av heile fisken og aktivitet langs heile kysten. Samstundes er det viktig at dei som er råka får høve til å seie kva dei synest om forslaga, seier Nesvik.

Skal døype LiceTube

Tidlegare på dagen skal fiskeriministeren døype «LiceTube», ei mekanisk eining som reinsar laks og aure for lus. I tillegg kan maskina mellom anna telje lus og avdekke om fisken har andre sjukdommar.

LiceTube har tidlegare stått på Akvariet i Bergen, men skal no testast i merd i Austevoll.