Gjøsund fiskerihamn får midlar til utbetring

Del saken

Samferdselsdepartementet gir Gjøsund fiskerihamn i Giske kommune i Møre og Romsdal 105 millionar kroner til eit utdjupingsprosjekt.

– Å bygge ut hamner er bra for verdiskaping langs kysten. No blir det inngått avtale med Giske kommune om forskotering av utdjupingsprosjekt i Gjøsund fiskerihamn. Forskoteringsmidlane gjer at utbetringa av fiskerihamna kan gjennomførast tidlegare enn venta. Dette er eit godt prosjekt som er viktig for næringsliv og folk på plassen.

Det seier samferdselsminister Jon Georg Dale i ei pressemelding.

Forskoteringsordninga gjeld fiskerihamne- og farleistiltak som ligg inne i Nasjonal transportplan 2018-2029, og inneber at kommunar kan forskotere eit prosjekt mot tilbakebetaling frå staten på eit seinare tidspunkt.

No gir Samferdselsdepartementet 105 millionar kroner til eit utdjupingsprosjekt for Gjøsund fiskerihamn.

Fleire hamneprosjekt nyt godt av ordninga

Ordninga kom på plass i 2018 og det er allereie inngått avtalar om midlar til fiskerihamner i Berg og Gamvik kommunar. Det er også varsla at Kamøyvær, Engenes og Fosnavåg fiskerihamner vil få forskoteringsmidlar, og det er sett i gong ein prosess for å inngå avtale med dei aktuelle kommunane. Ordninga har blitt svært godt motteke i heile landet, og departementet har fått inn mange søknader.

– Ordninga inneber at gode prosjekt kan realiserast tidlegare enn kva dei elles ville ha gjort. Samtidig er det viktig å halde kostnadene nede og effektiviteten oppe slik at vi får realisert flest moglege av dei gode hamneprosjekta som er viktige for verdiskapinga langs kysten, seier Dale.

Stortinget har vedteke at regionane skal overta eigarskapen og forvaltningsansvaret for fiskerihamenanlegg frå 1. januar 2020. Regjeringa har fått på plass fleire overgangsordningar, som skal sikre vidareføring i hamneutbygginga, medan fylkeskommunane omstiller seg til det nye ansvaret. Forskoteringsordninga er ein viktig del av desse tiltaka.