Fritidsfiskar teken med 60 teiner

I ein fellesaksjon i Nordfjord i midten av september med deltaking frå Fiskeridirektoratet, Politiet, Kystvakta og Statens Naturoppsyn vart det kverrsett 165 teiner.

60 av desse var tilhøyrande ein fritidsfiskar frå området. Det vart i alt kverrsett om lag 200 ulike reiskapar i aksjonen, som starta 19. september i Måløy og vart avslutta to dagar seinare lenger sør i Sogn og Fjordane. Sakene er meldt til politiet.

– Vi agerer både utifrå eigne vurderingar og ikkje minst med bakgrunn i tips frå publikum. Når vi arbeider saman med andre kontrollmyndigheiter, får vi meir slagkraft og når over større områder, og kan kontrollere all reiskap som står i sjøen, uavhengig av mengde og kor djupt reiskapen står, seier inspektør Rudi Iden i Fiskeridirektoratet region Vest i ei pressemelding.

– Kan forvente oppgjer med påtalemakta

Fritidsfiskaren som hadde 60 teiner ståande i sjøen vil få eit oppgjer med påtalemakta. 32 av dei kverrsette teinene, var ordinære krabbeteiner, 10 var krepseteiner og 18 var havfisketeiner. Å fiske med så mange teiner, vitnar om erverv og er langt over reiskapsgrensa på 20 teiner som fritidsfiskarar har lov å fiske med, meiner Fiskeridirektoratet.

– Når fritidsfiskarar som har inntekt frå anna verksemd fiskar med slike mengder, går det ut over yrkesfiskarar som faktisk skal leve av å fiske. Vi får inn mange tips om ulovlege mengder reiskap, og det kan bety at det er mykje ulovleg fiske blant fritidsfiskarar, seier Iden.

Iden trur ikkje det er mangelfulle kunnskapar om regelverket, som gjer at folk fiskar ulovleg, men han minner likevel om at reglane for fritidsfiske er godt forklart på nettsidene til Fiskeridirektoratet (fiskeridir.no) og i appen «Fritidsfiske», som folk kan laste ned i Appstore (iPhone) eller Google Play (Android).

Får inn mange tips

I tillegg til ulovleg fiske med ulovleg mengde teiner og garn, umerka og ulovleg reiskap, er det mange som sel fangst av fisk, krabbe og hummar via sosiale media, spesielt Facebook. Dette er også noko Fiskeridirektoratet legg merke til og som det er ein del tips om.

Både Fiskeridirektoratet og samarbeidspartane vil fortsette å kontrollere ut over hausten, spesielt no når hummarfisket startar 1. oktober. Har du tips om ulovleg fiske kan du melde dette inn til Fiskeridirektoratets døgnopne vaktsentral FMC. Alle som melder inn tips kan vere anonyme, opplyser Fiskeridirektoratet.