Løyving til vedlikehald av navigasjonsinnretningar

Del saken

Statsbudsjettet: Med budsjettforslaget, vil regjeringa ha halvert etterslepet på vedlikehald på navigasjonsinnretningar.

Regjeringa vil løyve midlar som skal bidra til ein sikker sjøveg for folk og gods.

- Framkome og tryggleik til sjøs er viktig. Med budsjettforslaget vil regjeringa ha halvert etterslepet på vedlikehald på navigasjonsinnretningar frå meir enn 1,4 milliardar kroner i 2014, til under 700 millionar kroner, som er forventa nivå i 2020.

Det skriv Samferdselsdepartementet i ei pressemelding

Vidare vil regjeringa bruke 50 millionar kroner til incentivordninga for oppstart av nye tilbod for godsfrakt på sjø.