Auka innsats mot marin forsøpling

Del saken

Statsbudsjettet: Regjeringa foreslår å løyve 5 millionar kroner til auka innsats mot marin forsøpling.

Løyvinga skal mellom anna gå til å følgje opp «plastavtalen»- ein samarbeidsavtale med næringa. Delar av løyvinga skal gå til tilskot til ordninga «fishing for litter», og til styrking av Fiskeridirektoratet sitt arbeid med oppreinskingstokt og destruksjon av eigarlaust avfall.

Innsamling av eigarlaust avfall

I dag er alle pliktige til å bringe eige avfall til hamn. Men det blir ikkje mindre plast og anna avfall i havet, om alle berre leverer sitt eige avfall.

– Potensialet for auka verdiskaping, fleire jobbar og større matproduksjon i marine næringar er stort. Reine hav må til for å realisere potensialet. Løyvinga skal bidra til at meir eigarlaust avfall kan bli samla inn og levert vederlagsfritt i fleire hamner enn i dag, seier fiskeri- og sjømatminister Harald Tom Nesvik (FrP) i ei pressemelding.

Bakgrunn

  • Arbeidet mot marin forsøpling og reiskapsopprydding er eit høgt prioritert område for regjeringa og løyvingane har auka vesentleg sidan regjeringa tiltredde. Innsatsen i Noreg har gått frå 2 millionar til 13,4 millionar sidan 2013.
  • Fiskeridirektoratet har gradvis brukt meir midlar på oppreinskingstokt dei siste åra, frå 2 mill. kr. for 5 år sidan til 6 mill. kr i år.
  • Ordninga «fishing for litter» skal sikre at fiske- og havbruksfartøy kan levere eigarlaust avfall vederlagsfritt i elleve fiskerihamner. «Fishing for Litter» vart starta av Klima og miljødepartementet i 2016 ved Miljødirektoratet som eit toårig prøveprosjekt, ordninga vart vidareført og i 2019 er budsjettet på 2 mill. kr og vil bli auka til 2,4 mill. kr i 2020.
  • «Plastavtalen» er ei avtale som vil bli inngått mellom blant anna Nærings- og fiskeri­departementet og Kystrederiene, Fiskebåt og Norske Havner. Partane i avtala forpliktar seg til å ta meir avfall opp frå havet, mot at fleire hamner enn i dag tar i mot dette avfallet vederlagsfritt.