Nærings- og fiskeridepartementet har fastsett totalkvoten for fiske av nordaustarktisk sei i 2020 til 171 982 tonn.
Totalkvota er lik kvoterådet frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES). Dette er 15 prosent meir enn i 2019, noko som er i tråd med stabilitetsregelen. Denne regelen skal hindre for store endringar og sørge for stabilitet mellom år.
Det skriv Nærings- og fiskeridepartementet i ei pressemelding.
Sei nord for 62 grader nord er ein norsk bestand, som Noreg forvaltar åleine utan forhandlingar med andre land.