Noreg og Færøyane einige om kvoteavtale for 2020

Illustrasjonsfoto: Olav Endre Drønen

Noreg og Færøyane er samde om ein bilateral avtale om kvotebyte for 2020.

– Kvotane som vi byter til oss med Færøyane er viktig for norske fiskarar. Eg synest det er bra at vi har fått på plass ein avtale som gir norske fiskarar kvoter og tilgjenge i færøysk sone også i 2020, seier fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik i ei pressemelding.

Fiskeriavtalen gir norske fiskarar ein kvote på 2 500 tonn lange/blålange, 2 000 tonn brosme og 800 tonn andre artar som attåtfangst. Noreg har også fått ein makrellkvote på 6 600 tonn. Denne kan fiskast både i færøyske farvatn, norsk økonomisk sone og internasjonalt farvatn.

Samtidig får Færøyane ein kvote på 4 945 tonn torsk, 1 100 tonn hyse, 500 tonn sei og 400 tonn andre artar som attåtfangst i norsk økonomisk sone.

I tillegg til desse kvotane, kan færøyske fartøy fiske opp til 3 450 tonn torsk og 300 tonn hyse, som dei har fått gjennom bytteavtalen sin med Russland, medan norske fartøy kan fiske opp til 30 000 tonn av den norske kolmulekvoten for 2020 i færøyske farvatn.