Fiskebåt styrkjer administrasjonen

Kay Ove Hafsås tek til som rådgjevar i Fiskebåt. Foto: Odd Kristian Dahle
Del saken

Fiskebåt har tilsett to nye medarbeidarar i administrasjonen i Ålesund. I dag starta Kay Ove Hafsås i jobben som rådgjevar i Fiskebåt.

Kay Ove Hafsås er utdanna siviløkonom, og har bakgrunn frå bank- og finansnæring. I Fiskebåt skal han mellom anna arbeide med rammevilkåra for fiskeflåten, strukturpolitikk og pelagisk sektor.

I starten av mai byrjar òg Hanna Bauge i Fiskebåt. Bauge er utdanna jurist, og har bakgrunn frå Fiskeridirektoratet og som advokatfullmektig hos advokatselskapet Schjødt i Ålesund.

- Eg er glad for at vi har fått på plass to topp motiverte medarbeidarar i Fiskebåt. Begge har nyttig erfaring og kunnskap å tilføre Fiskebåt, seier Audun Maråk, administrerande direktør i Fiskebåt.

Det var rundt 30 søkarar til dei to stillingane.

Fiskebåt er ein interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon for den havgåande fiskeflåten.