– Udramatisk rapport frå Riksrevisjonen

Foto: Odd Kristian Dahle / Fiskebåt

Organisasjonen Fiskebåt peikar på at fleire av dei momenta Riksrevisjonen nemner, har vore ønska politikk frå regjering og Storting.

– Riksrevisjonen påpeikar at fiskefåten har auka lønsenda gjennom effektivisering og reduksjon i talet på fartøy både i kyst- og den havgåande fiskeflåten. Dette har vore ein ønska politikk som har vore forankra i Stortinget, og har hatt brei støtte i fiskerinæringa, seier administrerande direktør i Fiskebåt, Audun Maråk, i ei pressemelding.

Riksrevisjonen la i dag fram sin rapport for Stortinget, der det mellom anna blir vist til at det har blitt færre og større fiskefartøy i perioden 2004 til 2018 som Riksrevisjonen har tatt for seg.

– Sjølv om det er blitt færre og større fartøy både i kyst- og havfiskeflåten har ressursfordelinga mellom dei ulike flåtegruppene ligge fast. Eg merkar meg elles at Riksrevisjonen er kritisk til endringane i fartøylengde og lastekapasitet som fann stad i kystflåten i 2008, og at desse burde vore betre konsekvensugreia. Men også desse endringane var politisk forankra i dåverande regjering som besto av Ap, Sp og SV. I tillegg hadde dei støtte frå resten av Stortinget i denne endringa, seier Maråk.

Les også: Riksrevisjonen: Fiskeriaktiviteten redusert i flere kystsamfunn

Auka aktivitet

Han viser til at sjølv om fiskeriaktiviteten er redusert i enkelte kystsamfunn er det store bildet ein auka aktivitet og auka positivet langs heile kysten.

– Lønsemda i fiskeria er ein viktig faktor for denne positive utviklinga, seier Maråk.

Maråk støttar Riksrevisjonen i at det bør innførast avgrensingar i eigarskap også i kystflåten.

– I den havgåande fiskeflåten har vi att avgrensingar i eigarkonsentrasjonen i mange år. Når det er sagt, så har både regjering og Storting gått lengre i å tillate eigarkonsentrasjonar i den havgåande fiskeflåten enn det Fiskebåt har tilrådd, seier Maråk.

Frå subsidiar til lønsam eksportnæring

Maråk presiserer også at fiskerinæringa har gått frå å vere subsidiert, til å bli ei lønsam og attraktiv næring som kan møte framtidas utfordringar offensivt, takka vere eit godt samarbeid mellom styresmakter og næringa.

– Denne positive utviklinga som har vore breidt politisk forankra, er det viktig å ta med seg når ein vurderer rapporten frå Riksrevisjonen. At enkelte forhold kunne vore betre utgreia endrar ikkje på den konklusjonen, seier Maråk.