Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen skal på måndag diskutere samarbeidet etter brexit med EUs fiskerikommissær.
– Eg ser fram til å møte EU-kommissæren for miljø, hav og fiskeri. Noreg og EU har i fleire tiår hatt eit tett og godt samarbeid om fiskeri. Dette skal førast vidare etter brexit, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen i ei pressemelding.
Måndag har Ingebrigtsen eit videomøte med EUs fiskekommissær Virginijus Sinkevičius.
Forvalting av felles fiskebestandar
Brexit vil verka inn på fiskerisamarbeidet mellom Noreg og EU. Dette er det viktigaste temaet for møtet på måndag.
– Vi treng nye avtalar for korleis Noreg, EU og Storbritannia skal forvalte felles fiskebestandar i Nordsjøen. Eg vil understreke at desse forhandlingane må starte opp snarast mogleg. Det er mykje som må på plass innan årsskiftet, seier fiskeri- og sjømatministeren.