Stor interesse for marin og maritim EU-forsking

Det var stor interesse for det marine og maritime forskingsområdet under den nasjonale informasjonsdagen i Tromsø den 8. september 2009.

Det er nyttig å erfare at det marine og maritime forskingsområdet er så viktig og prioritert i Noreg. Slik oppsummerar representantane frå Europakommisjonen den nasjonale informasjonsdagen i Tromsø.

Mange møtte fram på informasjonsdagen i regi av Forskingsrådet, der fem representantar frå Europakommisjonen la fram marine og maritime utlysingar i EUs sjuande rammeprogram, opplyser Ingebjørg Aadland i Forskingsrådet på Forskingsrådet si nettside.

Ocean of Tomorrow

– Det er viktig for oss å møte forskingsmiljøa for å forklare kva me gjer, seier viseavdelingsdirektør Jacques Fuchs i Europakommisjonen, som presenterte dei tverrtematiske utlysingane i Ocean of Tomorrow i Tromsø.

Ocean of Tomorrow er samlenamnet på tre store tverrfaglege marine og maritime utlysingar. Her skal fagekspertise frå mange ulike disiplinar forska på Arktis, karbonfangst og -lagring og endringar i livet i havet.

Andre tema

I tillegg vart marine og maritime tema frå områda bio, transport, klima og miljø presentert på informasjonsdagen.

– Den direkte dialogen med forskingsmiljøa er verdifullt for både oss og dei, meiner Fuchs.

– Vi reknar med no mange søknader med norsk deltaking i desse områda som er så viktige for havnasjonen Noreg, seier Fuchs.