Høgare kvote for nordaustarktisk sei i 2021

Sei. Foto: Eiliv Leren / Norwegian Seafood Council

Nærings- og fiskeridepartementet har fastsett totalkvoten for fiske av nordaustarktisk sei til 197 779 tonn i 2021.

Totalkvoten er lik kvoterådet frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES). I 2021 er den 15 prosent høgare enn kvoten i 2020, noko som er i tråd med stabilitetsregelen. Denne regelen skal hindre for store endringar og sørge for stabilitet mellom år.

Det skriv Nærings- og fiskeridepartementet i ei pressemelding.

Sei nord for 62 grader nord er ein norsk bestand som Noreg forvaltar åleine utan forhandlingar med andre land.