Noreg og EU er blitt samde om ein rekekvote i Skagerrak og Nordsjøen på 7.166 tonn for 2021. Dette er ein nedgang på 18 prosent samanlikna med fjoråret.
– Eg er glad for at Noreg og EU er blitt einige om endeleg kvote for reker for 2021, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen i ei pressemelding.
Rekekvoten for 2021 er redusert med 1 570 tonn, eller 18 prosent, samanlikna med fjoråret.
Kvoten er i tråd med den felles forvaltningsplanen mellom Noreg og EU og tilrådinga frå det Internasjonale Rådet for Havforsking (ICES).
Forvaltningsplanen for reker skal reviderast i løpet av 2022 og førebuingane på norsk side startar snart denne våren.
– Den komande gjennomgangen av forvaltningsplanen for reker er viktig, slik at vi sikrar eit best mogeleg grunnlag for fastsetjing av kvotar, seier Ingebrigtsen.