Noreg og Grønland samde om kvoteavtale for 2022

Illustrasjonsfoto: Johan Wildhagen / Norwegian Seafood Council

Noreg og Grønland har blitt samde om ein kvoteavtale for 2022, samt om å vidareføre det gode forskingssamarbeidet for fleire fiskeartar.

– Norske fiskarar utnyttar kvotane ved Grønland godt, og eg er nøgd med at Noreg og Grønland har blitt einige om ein kvoteavtale for 2022, seier statssekretær Vidar Ulriksen (Ap) i ei pressemelding.

Grønland sin kvote i Barentshavet i 2022 er sett til 4 000 tonn torsk, 750 tonn hyse, 650 tonn sei og 425 tonn attåtfangst av andre artar.

Den norske torskekvoten er på 1 350 tonn og kveitekvoten er på 30 tonn.

Blåkveitekvoten på Vest-Grønland blir vidareførd på 900 tonn, samstundes som blåkveitekvoten på Øst-Grønland aukar til 375 tonn. På grunn av usikker bestandssituasjon, vert kvoten for uer redusert til 500 tonn. Kvoten på skolest på Øst-Grønland vert auka med 50 tonn og kvoten for attåtfangst av andre artar blir auka med 175 tonn. Kvoten på botnlevande uer på Øst-Grønland blir redusert til 500 tonn.

Noreg og Grønland er også einige om å vidareføre det gode forskingssamarbeidet, særleg for bestandane blåkveite, torsk, uer og makrell.

På grunn av korona-pandemien, er det fyrste gong partane har møtst fysisk til bilaterale forhandlingar sidan hausten 2019.