Noreg og Grønland samde om kvoteavtale for 2023

Illustrasjonsfoto: En seistim ved havbunnen. Foto: Havforskningsinstituttet

Begge partane er nøgde med å halde fram det gode fiskerisamarbeidet, og vil vidareføre kvotenivået frå inneverande år.

Det melder Nærings- og fiskeridepartementet.

– Norske fiskarar utnyttar kvotane ved Grønland godt, og eg er nøgd med at Noreg og Grønland har vorte samde om ein kvoteavtale for 2023, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Selnes Skjæran.

Grønland sin kvote i Barentshavet i 2023 er sett til 4 000 tonn torsk, 750 tonn hyse, 650 tonn sei og 425 tonn attåtfangst av andre artar.

Den norske torskekvoten er på 1 350 tonn og kveitekvoten 30 tonn.

Den norske blåkveitekvoten på 900 tonn på Vest-Grønland og 375 tonn på Aust-Grønland blir vidareførd. Kvoten på skolest på Aust-Grønland blir 50 tonn og kvoten på botnlevande uer blir vidareført på 500 tonn. Kvoten for attåtfangst blir vidareført på 325 tonn.

Noreg og Grønland er også einige om å vidareføre det gode forskingssamarbeidet.