Noreg, EU, Færøyane, Grønland, Island og Storbritannia har i dag underteikna avtale om ein totalkvote på 782 066 tonn makrell for 2023.
Dette er i tråd med det internasjonale havforskingsrådet ICES si tilråding og inneber ein nedgang frå kvoten for 2022, som var på 794 920 tonn, melder Nærings- og fiskeridepartementet.
– Eg er svært fornøgd med at vi no endeleg har fått fastsett ein totalkvote for makrellen. Dette er noko vi har jobba for i lang tid og som betyr mykje for fiskarane, og for ei berekraftig forvaltning av denne viktige fiskestammen, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.
Trass i fleire forhandlingsrundar gjennom heile 2022, har ein endå ikkje komme heilt i mål på spørsmåla om fordeling av bestandane og ein forvaltningsplan for makrell. Partane må bli samde seinast 31. mars, difor har dei allereie no avtalt fleire møte i februar og mars 2023 for å arbeide vidare med dette.
– Vi vonar at dei gjenståande spørsmåla finn si løysing i starten av neste år. Departementet vil likevel lage ein førebels kvote for 2023, slik at dei som treng det kan starte opp sitt fiske allereie frå årsskiftet, seier Skjæran.