Noreg og Færøyane er samde om ein fiskeriavtale for 2023, som fører vidare kvotenivået frå i år.
– Avtalen med Færøyane er viktig for oss. Norske fiskarar har lange tradisjonar for å fiske i færøyske farvatn. Det er bra at vi har fått på plass ein avtale som vidarefører desse fiskemogelegheitene også i 2023, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran i ei pressemelding.
Avtalen for 2023 fører vidare kvotenivået frå 2022. Det betyr at kvote på lange/blålange blir 3 000 tonn, brosmekvoten haldast på 1 500 tonn. Kvoten for bifangst for andre artar på 800 tonn og makrellkvota på 6 600 tonn vidareførast frå i år. Makrellkvota kan fiskast både i færøyske farvatn, norsk økonomisk sone og internasjonalt farvatn.
Færøyane sin kvote vert på 4 945 tonn torsk, 1 100 tonn hyse, 500 tonn sei og 400 tonn andre arter som bifangst i norsk sone. Det er ei vidareføring av kvotane for inneverande år.
I tillegg til desse kvotane, kan færøyske fartøy fiske opp til 5 450 tonn torsk, 500 tonn hyse og 300 tonn andre artar som bifangst, som dei har fått gjennom byteavtalen sin med Russland. Samstundes kan norske fartøy fiske opp til 50 000 tonn av den norske kolmulekvoten for 2023 i færøyske farvatn.