- Sterk satsing på fiskerihamner og farleier

Del saken

Statsbudsjettet: - I budsjettforslaget for 2010 blir det foreslått ein reell auke til statleg utbygging av fiskerihamner og farleier med 50 millionar kroner.

- Fiskerihamnene er viktige for å vidareutvikle fiskerinæringa og sikre busettinga langs kysten. Tiltak i farleiene aukar sikkerheita i sjøtransporten og gjer det lettare å ta seg fram til sjøs, seier statssekretær Vidar Ulriksen.

Budsjettforslaget inneber ei samla løyving til fiskerihamner og farleier på 409,5 millionar kroner i 2010. I tillegg er det forslag om å løyve 31,8 millionar kroner til statleg tilskot til kommunale fiskerihamnetiltak.

I 2009 starta arbeidet med fleire store fiskerihamner og farleier.  Desse arbeida skal vidareførast i 2010. I tillegg foreslår regjeringa å investere i eitt nytt fiskerihamneanlegg, det er ei forlenging/utviding av fiskerikaia i Honningsvåg, og i fem nye farleianlegg.

Prosjekt som får løyving i 2010

Finnmark

  • Det blir løyvd 20 millionar kroner til forlenging/utviding av den eksisterande fiskerikaia i Honningsvåg, Nordkapp kommune.
  • Det blir sett av 17 millionar kroner til sluttføring av arbeidet med fiskerihamneanlegget i Havøysund i Måsøy kommune.
  • Loppa kommune får tilskot til mudring i hamna på Loppa øy (800 000 kroner) og i Sandland hamn (135 000 kroner).
  • Hammerfest kommune får tilsegn om tilskot til flytebrygge i Akkafjord i 2011 (635 000 kroner), og Hasvik kommune får tilsegn om tilskot til utdjuping i Breivikbotn i 2011(1 750 000 kroner). 

Troms

  • Det blir sett av 50 millionar kroner til vidareføring av utdjupingsarbeidet i Gisundet og Rystraumen i Tromsø kommune. Dette arbeidet starta i 2009, og føresetnaden er at det blir vidareført i 2011.
  • Arbeidet med ny molo i Gryllefjord i Torsken kommune blir vidareført, og det er sett av 64,3 millionar kroner til prosjektet i 2010.
  • Det blir gitt tilskot til to kommunale fiskerihamneanlegg i 2010: 200 000 kroner til slipp/båtoppsett i Grunnfarnes i Torsken kommune og 900 000 kroner til flytebrygge i Tromvik i Tromsø kommune. I tillegg blir det gitt tilsegn om tilskot på 3,3 millionar kroner i 2011 til flytebrygger i Torsvåg hamn i Karlsøy kommune.

Nordland

  • Det blir sett av 10 millionar kroner til å sluttføre utbetringa av farleia i innseglinga til Svolvær vestre hamn, Salttønna, i Svolvær kommune.
    Reparasjonen av moloen i Andenes i Andøy kommune er planlagd sluttført i 2010. Arbeidet starta i 2009. Totalkostnaden er rekna til 45 millionar kroner, og det er brukt 5 millionar kroner i 2009.
  • Arbeidet med utbetring av Stamsund hamn er starta. I samarbeid med kommunen og SFT skal det også fjernast forureina masse i heile hamna. Etter planen skal arbeidet sluttførast i 2011, og for 2010 er det sett av 62 millionar kroner.
  • Det blir gitt tilskot til to kommunale fiskerihamneprosjekt i Nordland: 1,08 millionar kroner til kai i Sildpollen i Vågan kommune, og 355 000 kroner til å starte utdjuping i Hestholmen i Herøy kommune. Dette prosjektet vil bli vidareført i 2011, og det blir gitt tilsegn om tilskot på 7,175 millionar kroner det året.

Nord-Trøndelag

  • Det blir gitt tilskot til etablering av flytebrygge i Rørvik i Vikna kommune med 1,18 millionar kroner.

Sør-Trøndelag

  • Det blir gitt tilsegn om tilskot i 2011 til utdjuping og flytebrygge i Setervågen i Frøya kommune med 5 millionar kroner.

Sogn og Fjordane

  • I Måløysundet i Vågsøy skal Trollebøflua fjernast, og det blir sett av 18 millionar kroner til dette tiltaket.
  • I Måløysundet blir det også foreslått utdjuping under Måløybrua, med ein kostnad på 30,8 millionar kroner. Desse to tiltaka er planlagt gjennomført samtidig, i eit felles anbod.
  • Det blir sett av 18 millionar kroner til utdjuping av Leiskjergrunnen aust for Askrova i Flora kommune.

Hordaland

  • Det blir gitt tilskot på 6,415 millionar kroner til bygging av allmenningskai II og mellomkai i Bekkjarvik fiskerihamn i Austevoll kommune.

Rogaland

  • Det blir sett av 10 millionar kroner til å starte arbeidet med å fjerne grunna Vestre Storesundflu, som ligg midt i Karmsundet i Haugesund hamn. Totalkostnadene er rekna til 20 millionar kroner.

Vest-Agder

  • Det blir gitt tilskot på 1,325 millionar kroner til liggekai i Langenes hamn i Søgne kommune.

Aust-Agder

  • Det blir gitt tilsegn om tilskot på 2,14 millionar kroner i 2011 til mottakskai i fiskerihamna i Risør.

Østfold

  • Det blir sett av 9,5 millionar kroner som startløyving til del 1 av utbetringa av farleia frå Hvaler til Fredrikstad, ei ca. 18 km lang strekning som er smal og svingete, og der det er til dels sterkt forureina masser. Kostnadsoverlaget for arbeidet er 225 – 260 millionar kroner. 

Det blir i tillegg sett av til saman 59,85 millionar kroner til vedlikehald og drift av fiskerihamner og til fagadministrasjon, undersøkingar og planlegging.
 

Stilling ledig