Eksportprisen for laks vidare ned

Eksportprisen for laks fall også frå veke 41 til veke 42.

I veke 42 2009 var eksportprisen for fersk laks 26,81 kroner per kilo, ein nedgang på 3,9 prosent samanlikna med veka før. Det syner tal som Statistisk sentralbyrå la fram i dag.

Eksportkvantumet for fersk laks i veke 42 enda på 12 246 tonn, ein nedgang på 0,1 prosent frå veke før, då eksportkvantumet var 12 257 tonn.

I veke 42 vart det eksportert 1 038 tonn frosen laks og prisen var 33,34 kroner per kilo.

VekeFersk laks (03021201,03021202)Frosen laks (03032201, 03032202)
TonnKr/kgTonnKr/kg
         
42 12 246 26,81 1 038 33,34
         
41 12 257 27,90 1 082 33,75
40 12 325 28,47 1 024 34,66
39 12 990 28,31 1 028 33,44
38 10 904 29,76 655 35,14
37 12 080 30,91 1 025 34,14
36 11 090 29,83 1 038 33,81
35 11 458 29,10 986 35,12
34 10 898 30,32 787 35,33
33 10 821 30,44 663 34,12