Eksportpris kr 27,72 i veke 45

Eksportprisen for fersk laks gjekk opp frå veke 44 til veke 45.

I veke 45 2009 var eksportprisen for fersk laks 27,72 kroner per kilo, ein oppgang på 0,8 prosent samanlikna med veka før. Det syner tal som Statistisk sentralbyrå la fram i dag.

Eksportkvantumet for fersk laks i veke 45 enda på 11 732 tonn, ein nedgang på 5,4 prosent frå ei veke tidlegare, då eksportkvantumet var 12 408 tonn.

I veke 45 vart det eksportert 1 397 tonn frosen laks og prisen var 32,85 kroner per kilo.

Fersk laks Frosen laks
Veke Tonn Kr/kg Tonn Kr/kg
45 11 732 27,72 1 397 32,85
44 12 408 27,51 1 153 32,08
43 12 351 26,07 1 078 32,20
42 12 246 26,81 1 038 33,34
41 12 257 27,90 1 082 33,75
40 12 325 28,47 1 024 34,66
39 12 990 28,31 1 028 33,44
38 10 904 29,76 655 35,14
37 12 080 30,91 1025 34,14
36 11 090 29,83 1038 33,81