Oppgang i eksportprisen

Eksportprisen for fersk laks gjekk opp frå veke 45 til veke 46.

I veke 46 2009 var eksportprisen for fersk laks 28,52 kroner per kilo, ein oppgang på 2,9 prosent samanlikna med ei veke tidlegare, syner tal som Statistisk sentralbyrå la fram i dag.

Eksportkvantumet for fersk laks i veke 46 enda på 12 702 tonn, ein oppgang på 8,3 prosent frå ei veke tidlegare då eksportkvantumet var 11 732 tonn.

I veke 46 vart det eksportert 922 tonn frosen laks og prisen var 33,87 kroner per kilo.

Fersk laks Frosen laks
Veke Tonn Kr/kg Tonn Kr/kg
46 12 702 28,52 922 33,87
45 11 732 27,72 1 397 32,85
44 12 408 27,51 1 153 32,08
43 12 351 26,07 1 078 32,20
42 12 246 26,81 1 038 33,34
41 12 257 27,90 1 082 33,75
40 12 325 28,47 1 024 34,66
39 12 990 28,31 1 028 33,44
38 10 904 29,76 655 35,14
37 12 080 30,91 1025 34,14