Hordaland prioriterer sju kommunar for nye konsesjonar

Del saken

Fylkesutvalet i Hordaland har sett fram tilråding om kva kommunar som bør prioriterast, ved tildeling av oppdrettskonsesjonar for laks og regnbogeaure i 2009.

Fylkesutvalet i Hordaland rår samrøystes til at søkjarar med aktivitet i følgjande kommunar, vert særleg prioritert i tildelinga av oppdrettskonsesjonar i 2009: Tysnes, Kvinnherad, Kvam, Bømlo, Fitjar, Austevoll og Fedje.

Fiskeridirektoratet region Vest skal i år dela ut fem løyve til havbruk med matfisk av laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn i Hordaland. Søknadsfristen gjekk ut 30. april 2009 og det har kome inn 26 søknader, skriver Hordaland Fylkeskommune i ei pressemelding.

Prioritering

Hordaland fylkeskommune rår til at Fiskeridirektoratet region Vest legg vekt på søkjarane sitt potensial for:

  • Verdiskaping
  • Innovasjon
  • Miljømessig bærekraft og fiskehelse
  • Positive ringverknader i sårbare regionar i fylket jfr. drøfting i saksførelegget pkt. 4 og pkt. 6
     

Vektlegg omsynet til integrasjon

Fylkeskommunen rår til at Fiskeridirektoratet region Vest særleg legg vekt på omsynet til økonomisk integrasjon i samband med vidareforedling og hovudkontor/administrasjon for søkjarverksemdene.

Prioriterte kommunar

Fylkesutvalet rår til at søkjarar med aktivitet i følgjande kommunar vert særleg prioritert i tildelinga:

Tysnes, Kvinnherad, Kvam, Bømlo, Fitjar og Austevoll og Fedje.

Frå 2010

Hordaland fylkeskommune ynskjer å vidareutvikle verktøy og kriterium for tildeling og optimal lokalisering av akvakultur med tanke på at tildelingsoppgåva vert overført til fylkeskommunen frå 2010, går det fram av meldinga frå Hordaland Fylkeskommune.