Fiskeriministeren imponert over Ewos-anlegget

Florø: Fredag fekk fiskeri- og kystminister Helga Pedersen ei kort synfaring på det nye anlegget til Ewos, i forkant av at ministeren skulle opne Sildebordet i byen.

Ministeren synte stor interesse, og let seg tydeleg imponere over kor effektivt og ryddig systemet på anlegget er.

– Eg er aller mest imponert over systemet dei har for kvalitetssikring, og ordninga for sporing, uttalte ministeren til Firdaposten.

Ein stolt fabrikksjef Rune Ryland kunne opplyse at det noe er berre rundt ei halvanna veke at til dei set i gang med full produksjon på det nye anlegget.