Vellykka infomøte om nytt akvakulturregime

I samband med at fylkeskommunane frå 1. januar får nye oppgåver innan marin forvaltning, arrangerte Møre og Romsdal fylke denne veka eit informasjonsmøte for havbruksnæringa.

Interessa for møtet var stor, og heile 80 deltakarar var samla i Molde. På møtet vart det ytra ønskje frå næringa om å etablere dette møtet/forumet som ein tradisjon i framtida, melder Møre og Romsdal fylke.

Møtet vart opna av fylkesordførar Olav Bratland.

– Som fylkesordførar i det største sjømatfylke og det tredje største havbruksfylke i landet, er eg stolt av å opne dette møtet mellom næring, forvaltning og kommunar, sa Bratland.

Bratland sa vidare at fylket skal arbeide for å gje havbruksnæringa beste muleg service, vere løysingsorientert og legge til rette for best muleg samarbeid med dei andre forvaltningsnivå og næringa.

Ekspedisjonssjef Magnor Nerheim frå Fiskeri- og kystdepartementet orienterte om dei havbrukspolitiske utsiktene for 2010.

Ulike forvaltningsmynde som: Fylkesmannen, Fiskeridirektoratet, Mattilsynet, NVE fortalde om sine roller i akvakulturforvaltninga i 2010.

Møre og Romsdal fylke presenterte sine nye medarbeidarar på havbruksforvaltning: Arve Slettvåg og Cecilie Myklebust. Slettvåg presenterte korleis havbruksforvaltninga i Møre og Romsdal blir frå og med 1. januar 2010.

Regional- og næringsdirektør Bergljot Landstad orienterte om det nye Marine miljøsikrings- og verdiskapingsfondet i Møre og Romsdal fylke.

Møtet vart avslutta med ein diskusjon, der både friske meldingar vart gitt og engasjerte spørsmål vart stilt.

Tidlegare denne veka arrangerte Fiskeridirektoratet informasjonsmøte for fleire fylkeskommunar, i høve den nye forvaltningsreforma.

Les også: Holdt erfaringssamling for fylkeskommuner 18.12.2009