Eksportpris kr 28,17 i veke 2

Eksportprisen for fersk laks gjekk vidare ned frå veke 1 til veke 2.

I veke 2 i 2010 var eksportprisen for fersk laks 28,17 kroner per kilo, ein nedgang på 5,5 prosent samanlikna med ei veke tidlegare. Det syner tal som Statistisk sentralbyrå la fram i dag.

Eksportkvantumet for fersk laks i veke 2 enda på 10 808 tonn, ein nedgang på 2,3 prosent frå ei veke tidlegare, då eksportkvantumet var 11 067 tonn.

I veke 2 vart det eksportert 674 tonn frosen laks, og prisen var 32,08 kroner per kilo.

Fersk laks Frosen laks
Veke Tonn Kr/kg Tonn Kr/kg
2 11 808 28,17 674 32,08
1 11 067 29,82 456 32,54
53 7 552 30,88 388 32,82
52 8 265 30,68 425 32,63
51 17 766 28,95 1 002 32,49
50 16 657 28,48 1 685 31,98
49 15 027 27,69 1 221 31,60
48 14 963 28,55 988 31,35
47 14 181 28,20 1 403 31,88
46 12 702 28,52 922 33,87