Trekkjer tilbake oppdrettsløyve

ULSTEIN: Fiskeridirektoratet region Møre og Romsdal trekkjer tilbake Brandal Havbruk AS sitt løyve for oppdrett av matfisk av kveite.

Årsaka er at konsesjonen ikkje har vore i bruk på fleire år, skriv Vikebladet.

Brandal Havbruk AS er heimehøyrande i Hareid kommune, og løyvet gjaldt for lokaliteten Byholmane i Ulstein kommune. Løyvet var avgrensa til maksimalt 780 tonn biomasse.

Fiskeridirektoratet sende i januar ut førevarsel om tilbaketrekking av løyvet, og har ikkje motteke motsegn til det.