Eksportpris kr 34,23 i veke 6

Eksportprisen for fersk laks gjekk opp frå veke 5 til veke 6.

I veke 6 i 2010 var eksportprisen for fersk laks 34,23 kroner per kilo, ein oppgang på 7,5 prosent samanlikna med ei veke tidlegare. Det syner tal som Statistisk sentralbyrå la fram i dag.

Eksportkvantumet for fersk laks i veke 6 enda på 10 929 tonn, ein oppgang på 1 prosent frå ei veke tidlegare, då eksportkvantumet var 10 826 tonn.

I veke 6 vart det eksportert 883 tonn frosen laks, og prisen var 33,72 kroner per kilo.

Fersk laks Frosen laks
Veke Tonn Kr/kg Tonn Kr/kg
6 10 929 34,23 883 33,72
5 10 826 31,84 982 33,02
4 10 967 29,69 1 098 31,86
3 10 891 28,92 1 003 31,70
2 11 808 28,17 674 32,08
1 11 067 29,82 456 32,54
53 7 552 30,88 388 32,82
52 8 265 30,68 425 32,63
51 17 766 28,95 1 002 32,49
50 16 657 28,48 1 685 31,98