Skal telje oter

No skal det teljast kor mange otrar det finns i Sogn og Fjordane. Ei av årsakene er at den truleg tek mykje villaks.

Det er Artsdatabanken som startar prosjektet etter eit initiativ frå Norges Jeger- og Fiskerforbund i Sogn og Fjordane, melder NRK Sogn og Fjordane.

Freda

– Oteren har lenge vore ein truga art, men blir det for mange av den, tek den for mykje fisk. Difor må vi no sjå på om oterbestanden bør reduserast, seier Svein Arne Forfod, som er fagleiar for fisk.

Han opplyser at dei vil vurdere å søkje om lisensjakt, dersom det viser seg at det er mykje oter i fylket.

– Oteren er raudlista, det vil seie at det er ein truga art og dermed freda. Men vi som går langs vassdraga oppfattar ikkje situasjonen slik, seier Forfod til NRK.

– Ein lystmordar

Forfod seier at oteren gjer stor skade ved at den drep mykje laks i elvane.

– Det er ein lystmordar som ikkje et opp alt den tek, men gøymer unna. Den gjer også eit innhogg i merdene ved oppdrettsanlegg, seier Forfod til NRK.

Forfod meiner at oteren tek så mykje fisk at det går ut over både villaks og sjøaure.

Lokallaget oppmodar no grunneigarlag, elveeigarlag, oppdrettsnæringa og andre til å bli med på registreringa.