Det som vert sagt å vere verdas største settefiskanlegg på land, er no i innkøyringsfasen på Tjeldbergodden i Aure.
Anlegget opnar i september, og skal kunne produsere 7 millionar stor settefisk av torsk.
Anlegget har kosta 50 millionar kroner, fortel administrerande direktør Kenneth Brandal i Atlantic Cod farms.
– Det me ser for oss er å få på plass det leddet som næringa har mangla så langt, nemleg å lage stor settefisk, det vil seie frå 150-200 gram, seier Brandal til NRK.
– Det er 3-4 gongar så stort som vanleg settefisk, slik at me får ein stor og kraftig settefisk i sjøen. Det får me no moglegheit til ved å bruke det anlegget som me no har bygd på Tjeldbergodden.
Selskapet produserer sjølv yngel ved eit anlegg i Trøndelag, og skal sjølv plassere mesteparten av settefisken ved anlegga i fjordane på Sunnmøre. Konsesjonen er på heile 12 millionar settefisk, men så mykje trur ikkje Brandal det blir produsert endå.
– Slik som anlegget framstår no har vi moglegheit til å produsere sju million stor settefisk, seier Brandal til NRK.