Fjord Shell er konkurs

Fjord Shell Norway AS på Nordfjordeid er konkurs etter å ha meldt oppbod.

– Selskapet har ei gjeld på 16 millionar og opererer med verdiar på ni millionar kroner. Den reelle verdien på eigedelane til selskapet er langt mindre, kanskje under fem millionar, opplyser bustyrar Olve Grotle til Fjordenes Tidende.

Sparebanken Vest og Innovasjon Norge har pant i Fjord Shell Norway AS på mellom fem og seks millionar kroner. Det gjer nok at andre krav som vert fremja ikkje får noko frå konkursbuet, opplyser Grotle til avisa.

Han legg til at selskapet har prøvd å få inn frisk kapital utan å lykkast.